Her sit eg i ein gamal godstol og ser utover fjord og fjell. Det regnar ute, lyngen er våt, dråpane renn nedover glaset, fjella badar i skodde og det er stille. Skyene glir stille og majestetisk over himmelen. Så mektige og så skjøre. Dei er i endring heile tida. Skodda lettar meir og meir. Eg ser byen der nede mykje klarare no, og lenger bak dukkar det opp fjell eg ikkje kunne sjå i stad. Skyene svevar høgre oppe no, det blir større rom, meir lys og haustfargane i lilla, raudt, brunt og grønt blir mykje klarare. Det er vakkert. Intenst levande. Og stille.

Eg flyter saman med skyene. Stryker handa mi over fjella, forsiktig og vennleg. Dei er mjuke og likevel faste. Eg kjenner energien frå fjella i handflata mi, kjærleiken strøymer mellom oss. Eg sig tilbake i godstolen igjen. Heile meg er fylt med kjærleik. Eg kjenner den i alle celler i heile kroppen. Energien strålar ut og eg kjenner ei intens glede og fred. Skodda stig brått igjen. No ser eg berre lyngen og bregnene like utanfor glaset. Bregnene viftar på seg i den svake vinden. Om ikkje lenge er dei borte i vinteren. Likevel er dei stille, alt er stille.

Skodda lettar. Eg ser igjen opp på den skydekka himmelen. Men det er ikkje dei same skyene lenger. Det er nye skyer som rører seg der oppe no. Eg kjenner nærleiken til bestemor. Er ho der enno? Eg kjenner at eg ikkje er den einaste som sit slik akkurat no. Eg kjenner at hendene mine blir fylt med energi frå andre der ute, som sit akkurat som meg. Vi smiler saman.

Eg går gjennom rommet. Alt er så nytt og ferskt, sjølv om eg har gått her mange gongar før. Det er som at rommet er i ein draum. Eller at eg kan ta og føle på det. Det er stille i rommet. Eg høyrer lydar, men det er likevel så stille. Mystisk stille? Eg følgjer med, ser meg godt om, går ut av rommet og inn i neste. Ei kjensle av fred stig opp i meg.

Denne freden fyller meg i det eg møter mine daglege gjeremål igjen. Det er så godt å leve, det er så herleg å sjå ungane mine springe rundt, det er så fint å berre sjå meg rundt og vere. Kor vart det av problema eg måtte løyse før i dag? Kor vart det av alle tankane om det eg skal i morgon, dagen etter og dagen etter det? Alle tankane der eg tenkte om igjen og om igjen på det eg skal gjere i framtida, utan at det hjelpte meg til å få det unna raskare? Kor vart det av kjensla av å ikkje strekke til? Kor vart det av dei slitsame tankane om kva eg eigentleg burde jobbe med? Eg kjenner at eg skal jobbe med noko anna enn eg gjer i dag, men det er ikkje slitsame tankar fram og tilbake, for og imot. Nei, det er ei indre drivkraft, ei god kjensle av at eg er på riktig veg og at endringane vil vise seg etterkvart.

Hadde nokon fortalt meg om denne kjensla av fred for nokre år sidan, så hadde eg ikkje forstått kva dei snakka om. Korleis kunne eg det, utan å ha erfart det? Å ha det så godt og fredeleg, utan at det har skjedd noko spesielt. Ei kjensle av lykke, glede og ro. Å kjenne kjærleik for ulike skapningar, naturen, ting, andre menneske, barna mine, mannen min. Den kjærleiken blir endå meir intens når frykta for å miste i ein liten periode forsvinn. Når eg no veit at denne tilstanden fins, så kan eg ikkje førestille meg at eg nokon gong vil gå tilbake til det livet eg hadde før.

Skrevet av Natura

Del denne artikkelen :